Kultur og ukultur – lokalsamfunnsutvikling i praksis

«Kultur et strategi til frukost» (sitat: Peter Drucker) er ein påstand som truleg har hausta mange anerkjennande nikk. Spesielt frå dei som har forsøkt å ta initiativ eller leiarskap til endring, der endring gjerne har vore vekke lenge. Gjennom nokre år har eg hatt gleda av å få jobbe med fleire lokalsamfunn som ynskjer ein endra status, gjerne i form av ny aktivitet, meir folk og eit yrande samfunnsliv. Paradoksalt nok er det ikkje dermed sagt at dei ynskjer endring.

Etter å ha vore tett på fleire slike lokalsamfunn, og studert vellukka og mindre vellukka eksempel frå andre stadar, så ser det ut til at nokre mønster går att. Og føresetnadane er ikkje alltid på lag med dei som ynskjer å sjå lyst på framtida i eit lite, ruralt lokalsamfunn: Sentraliseringstrenden er sterk og aukande, og ikkje berre i lokalpolitikken (som ein av og til trur, spesielt i tida rundt kommunebudsjettvedtak). Verda klumpar seg stadig meir saman, ikkje fordi dei må men fordi dei har lyst. Krava til offentlege tenester vert stadig større, meir komplekse og meir omfattande. Det krev større grad av spesialkompetanse enn tidlegare. Samstundes vert dei økonomiske overføringane stadig mindre for dei kommunane som ikkje veks nok. Dette skjer uavhengig av lokale vedtak, og handlingane til kommunepolitikarar som gjer så godt dei kan er ein konsekvens av desse trendane – ikkje omvendt.

Så kvifor bry seg? Alt er heldigvis ikkje så svart som det kan sjå ut som ved første augekast. Telemarksforsking har sett systematisk på føresetnadane for lokal utvikling over lang tid. Sjølv om heller ikkje dei har klart å lage ein fasit, så har dei konkludert med fylgjande: Det nyttar å prøve. Det er rett nok ikkje tilfeldig kva ein gjer og korleis ein prøver, men dei som vil har tilgang på mange erfaringsbasar og metodar som har fungert for andre før. Nokre av desse håpar eg å komme tilbake til i nye bloggpostar seinare.

Men uansett metode, ressursgrunnlag og naturgjevne føresetnadar, så står eitt spørsmål att: Har ein på plass ein utviklingskultur? Visst ikkje ein begynne der!

Advertisements